Ei rekkje gjester var inviterte og mange fann vegen etter solid annonsering av markeringa. Det er mange som er opptekne av krigshistoria vår og kanskje særskilt ”Operasjon Gunnerside” der tungtvannskjellaren på Vemork på Rjukan blei sprengd av norske spesialsoldatar 28. februar 1943.
PP/ OLAV AALANDSLID, LEDER NROF VEST-TELEMARK
Operasjonen er ei av verdas mest kjende sabotasjeaksjonar utført under 2. verdskrig, og den blir stadig bruka som døme òg i dagens utdanning av soldatar. Altså er denne markeringa av stor verdi for det norske samfunnet. Det er Norsk Industriarbeidermuseum (NIA) på Rjukan og Notodden som står for den offisielle eksponeringa av aksjonen og då sjølvsagt også 80-årsmarkeringa.
I fjor sommar, den 18. juni, opna dei det nye museet som er bygd opp rundt ruinen av sjølve tungtvannskjellaren, og den 28. februar i år opna den nye multimediaframvisninga inne i sjølve museet. Har du ikkje vore der, anbefales at du tar turen.
Så tilbake til sjølve markeringa. Det er som vanleg kaldt på Vemork 28. februar. Likevel er det godt over 300 frammøtte i den tronge dalsida.
Som seg hør og bør blir det lagt ned krans og halde tale ved HV-03 på minnesmerket. HV-03 sin innsatsstyrke har som kjent namnet Gunnerside. Det forpliktar!
Turen går inn i maskinhallen, og her møter kveldens leiar, Maja Foss Five oss. Ho er Fylkesvaraordførar i Vestfold og Telemark, og levande oppteken av oppvekst, kultur og historie.
Marinemusikken spelar, og Inger Lien frå Rauland kvedar. I tillegg har Det Norske Jentekor teke turen, og dei bortimot 40 unge jentene syng heilt fortryllande inne i maskinhallen, med den akustikken som er der.
Både ordførar i Tinn Steinar Bergsland, fylkesordførar Terje Riis-Johansen og direktør Anna Hereid held taler, men det blei likevel mest gripande då talene til Kristin Skogen Lund, Birger Dag Strømsheim og Joar Eidheim blei framførde.
Skogen Lund er dotter til Olav Skogen frå Rjukan. Han er truleg den mest torturerte nordmannen som overlevde under krigen (les gjerne boka hans, ”Ensom Krig mot Gestapo”, dersom du ikkje har gjort det.)
Skogen Lund snakka om oppveksten sin, som sjølvsagt bar preg av opplevingane til faren, og ho var oppteken av det gode samhaldet mellom krigsveteranane i åra etterpå. Det var nok ein svært viktig faktor i at dei kom seg vidare i livet.
Rjukan som by fostra mange av dei mest kjende krigsveteranane i Norge (Sønsteby, Helberg, Poulsson, 2 x Haugland, Skogen, Skinnarland, 2 x Syverstad, Lier Hansen, Viten, med flere). Skogen Lund reflekterte over at dei meinte livet måtte gå vidare på tross av det som hadde skjedd under krigen. Det var dei sterkt med på å bidra til.
Birger Dag Strømsheim fortalte om far sin, som kom frå Ålesund i likhet med Joachim Rønneberg. Han var den eldste i Gunnerside-gruppa med 31 år. Det var han som på ein hardhendt måte kom seg inn i kjellaren for å bistå med plassering av ladningane.
I tillegg var Herluf Nygård òg frå Ålesund, ein av leiarane i Operasjon Sunshine; han blei seinare generalinspektør i HV. Så Ålesund var godt representert under aksjonar i Øvre Telemark.
Sjef Forsvarets Spesialstyrker, generalmajor Joar Eidheim, var oppteken av historien og viktigheten av å halde den i live. Spesialstyrkane i Norge ser professor og major Leif Tronstad som sin fyrste sjef. Det var han som planla tungtvannsaksjonen, og mykje meir, men dette har kome lite fram i historien. Tronstad fall som kjent under operasjon Sunshine 11. mars 1945 på Rauland.
Innimellom talene var det altså diverse musikalske innslag. Avslutningsvis blei ”Ja vi elsker” framført av Marinemusikken og Jentekoret. Det var ein mektig opplevelse inne i maskinhalle, og framføringa rangerar blant dei heilt øverste på lista til underteikna.
NIA lagar gong på gong flotte arrangement rundt krigshistorien vår, noko det er tydeleg at mange sett pris på.
[1] Kodenavnet på sprenginga var ”Operasjon Gunnerside”, ei militær, alliert sabotasjeaksjon under andre verdskrig for å sprenge Norsk Hydros hydrogenfabrikk på Vemork ved Rjukan i Telemark, slik at nazistene ikke fikk tak i tungtvannet som var et biprodukt av hydrogenproduksjonen.