62 PROPATRIA | 4 | 2024 Minnemarkering i Sunnfjord Ein fredag i slutten av mai var Sunnfjord kommune vertskap for Joan og Dave Slover. Joan er niesa til navigatør Claude Berges frå det canadiske flyvåpenet, som omkom i Førdefjorden fredag 9. februar 1945 – kjent som den svarte fredagen. I alt 14 allierte mista livet i det som var det største luftslaget i Norge. PP/ MAGNAR SKORVEN, AVD. SUNNFJORD OG YTRE SOGN nnn Eg var så heldig å bli invitert som representant for NROF og Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner/NVIO. Sunnfjord kommune var representert av kommunedirektør for kultur og idrett, Anita Nordheim. Egil Hjelmeland, som var seks år da slaget sto, var der også. Han såg slaget med sine eigne auge, noko som har brent seg inn i minnet hans. Han har brukt store delar av sitt vaksne liv til å spore opp familiar til dei omkomne. Egil er og veteran i frå Gaza, og det kan nemnast at Dave Slover er ein tidlegare reservist i den canadiske marinen, der han var dykkar. Vi møtast først for ein enkel lunsj på Sunnfjord hotell for å bli litt kjent. Der kunne Joan fortelje at ho aldri har møtt sin onkel Claude, og i mange år kun visste at han omkom under krigen i Norge. Og ut i frå det ho viste om krigen, tenkte ho at det var rart at han omkom i Norge og ikkje ein meir sentral plass i Europa – heilt til ho fekk tilsendt eit videoklipp som viste korleis ein fann ut nøyaktig kvar onkelen fekk si krigsgrav. I 2008 finansierte National Geographic ein ekspedisjon for å finne dei allierte flya som styrta i sjøen. Det var to fly ein ikkje viste kven som var om bord i: eit av desse flya krasja i ein fjellvegg, og det andre gikk ned i Førdefjorden og ligg no på ei djupne på rundt 40 meter. Ekspedisjonen fant i det eine dykket ein bokstav i nummeret på haleroret på flyet. Dermed kunne ein slå fast at det var der Joan sin onkel Claude Berges hadde si krigsgrav. Det var den lokale dykkaren Tore Solbakken som fant merket. Etter lunsj køyrte vi opp til Førde Lufthamn Bringeland, der avd. Sunnfjord og Ytre Sogn har røyst ei minnestøtte over alle dei allierte flygarane som omkom denne svarte fredagen. Minnestøtta vart reist 8. mai 1985. Og dei siste åra er det her Sunnfjord kommune har hatt markering 8. mai. Det var eit sterkt møte for Joan å sjå minnestøtta med namnet på onkelen sin. Det er 14 namn på denne minnestøtta: to frå Storbritannia, to frå Australia og ti frå Canada. Joan utalte at det var veldig gripande for henne å sjå minnestøtta med namnet til hennar onkel, og ho takka for moglegheita. ■ Fra venstre: Kommunedirektør for kultur og idrett, Anita Nordheim, artikkelforfatter Magnar Skorven, Joan Slover, Dave Slover og Egil Hjelmeland, som var seks år da det omtalte luftslaget sto. Foto: Sunnfjord kommune.
RkJQdWJsaXNoZXIy MTE4MDQ5MA==