ProPatria_4_2024_lowres

PROPATRIA | 4 | 2024 61 Alle desse kan verte mål for russiske missil- eller rakettangrep, og dei ligg utan luftvern, påpeika Ulriksen. Han orienterte deretter om at russarane har ulike våpenberarar med stor kapasitet. Det er snakk om alt frå bakkebasert avfyring til avfyring frå fly, skip – både militære og sivile – og ubåtar. Og russarane held på med opprusting og bygging av fleire fly og fartøy for å auke denne kapasiteten. Tidsfaktoren ved eit missil- eller rakettangrep vil vere kritisk. Til dømes vil eit missil av typen Kinzhal avfyrt frå fly i ein posisjon mellom Lofoten og Island kunne nå Haakonsvern på fire minutt. Vern mot slike missil har ein berre i system som Patriot, medan det norske NASAMS 3 er effektivt mot dei mindre missila. Det ser ein i Ukraina, sa Ulriksen. Russisk doktrine er at alle sivile skip kan nyttast til militære føremål, utan omsyn til eigarskap, og Ulriksen sa at russiske styresmakter oppfordrar russiske sjøfolk til å ta hyre på norske skip og ta farledsbevis. For dårleg kapasitet – Vi utdannar altfor få navigatørar ved dei maritime høgskulane til å dekke behovet for tilgang på slike. Svært mange skip som siglar under norsk flagg har kapteinar frå både Russland og Kina. – Den norske handelsflåten var viktig både under fyrste og andre verdskrigen. Amerikanarane har ikkje nok fartøykapasitet sjølve, og treng norske spesialfartøy, som vi har mange av, dersom det skulle verte trong for overføring av troppar og materiell i eit opptrappings- eller krigstilfelle. – Når så mange av desse fartøya har mannskap, og jamvel kapteinar, som kjem frå til dømes Russland, så kan ein lure på kor dei vil ha lojaliteten sin, undra Ulriksen seg over. Ulriksen minte også om at Noreg er utsett for samansette (hybride) truslar frå Russland, mellom anna i form av oppkjøp av selskap, som vi såg døme på i Bergen Enginessaka, påvirkningsoperasjonar mot det politiske nivået og mot befolkninga, spesielt i nord, industrispionasje – spesielt mot offshore- og maritime næringar – og oppkjøp av eigedom som ligg interessant til. – Det har ikkjemangla på åtvaringar opp gjennomåra, sukka Ulriksen. I spørsmålsrunden etter føredraget kom det mange hjartesukk om kor ope samfunnet vårt er blitt, slik at det er lett tilgang, mellom anna på nettet, til mykje som før var gradert, og mange var opptekne av at norsk beredskap er for dårleg. ■ Forskar Ståle Ulriksen. Besøk nettbutikken UTSTYRSKONTROLL.NO Bruk rabattkode: NROF «Når så mange av desse fartøya har mannskap, og jamvel kapteinar, som kjem frå til dømes Russland, så kan ein lure på kor dei vil ha lojaliteten sin»

RkJQdWJsaXNoZXIy MTE4MDQ5MA==