ProPatria_4_2024_lowres

60 PROPATRIA | 4 | 2024 – Nordmenn er naive! Havretten er under voldsomt press, og Bergen si evne til å stå for strategisk transport etter at godsaktiviteten vert flytta frå Bergen havn til Ågotnes vil vere avhengig av at ein syter for jarnbanespor over den nye brua. PP/ LEIV PRESTEGÅRD (TEKST OG FOTO) nnn Dette var nokre av kraftsatsane forskar Ståle Ulriksen kom med på det opne medlemsmøtet i Sotra og Øygarden Forsvarsforening i begynnelsen av juni. Ulriksen var invitert for å snakke om dagens trussel frå missil og dronar, og starta med å peike på kva som er av strategisk verdi, og kva det bør ha å seie for forsvarsprioriteringar. Regional utfordring nr. 1 er etter Ulriksens meining å sikre ressursar som er strategisk viktige for heile Europa. I fyrste kvartal av 2022 kom 38,1 % av EU si import av gass gjennom røyrleidningar frå Noreg. I fyrste kvartal 2023 hadde denne auka til 46,1 %. Ulriksen peika vidare på at Noreg har ein strategisk viktig geografisk posisjon, der kystlinja har vore og er særleg interessant for stormaktene. Lokale militære mål Haakonsvern Orlogsstasjon og Flesland flyplass peikar seg ut som aktuelle militære mål i regionen, medan sivil infrastruktur som peikar seg ut er olje- og gassanlegga Mongstad, Sture, Kollsnes og Kårstø. Interesserte tilhøyrarar.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTE4MDQ5MA==