PROPATRIA | 2 | 2025 21 Invitasjon til aktivitetsdag NROF avd. Sunnhordland inviterer til aktivitetsdag søndag 11. mai. Aktivitetsdagen tar til med regionalt meisterskap i feltidrett og held fram med sosialt samvær og pistolskyting, før me avsluttar med prøve for infanterimerket. Agenda 09:45 Oppmøte 10:00 Regionalt meisterskap i feltidrett (merkeprøve) 12:00 Pistolskyting (skarpskyttarmerket og NAIS) 14:00 Infanterimerket (merkeprøve) Det er sjølvsagt mogleg å delta på berre delar av programmet. Pistolskytinga vil rullera mellom skarpskyttarmerket og NAIS. Det vil vera mogleg å skyta desse programma så snart me er ferdig med skytedelen av feltidrettsmerket, og så lenge prøven til infanterimerket pågår. Påmelding til Sigmund Mongstad Hope på hope5412@gmail.com eller på Rubic. Det er ingen kostnad med deltakinga, men ein kan kjøpa ammunisjon til skyteaktiviteten om ein ikkje tar med sjølv. Kostnadsfri lån av våpen. Oppmøte på Stord pistolklubb bane; adresse Vestlivegen 44, 5414 Stord. NROF avd. Sunnhordland
RkJQdWJsaXNoZXIy MTE4MDQ5MA==