Kjære vener!
Vi lever i uoversiktlige og krevjande tider. NROF er overtydd om at Forsvaret er en grunnstein i nasjonal sikkerhet. Forbundet skal aktivt bidra til å forbetre og styrke det Forsvaret vil har og planlegg for i framtida.
Våre medlemmer er personleg engasjert og mange av de som er i vernepliktig alder inngår i Forsvarets styrkestruktur. Vår meir vaksne medlemmer har tidlegare vært (og er) framleis villige til å ofre livet for konge og fedreland.
Eg vil nok ei gong nytte høvet til å takke Landsmøtet til den massive støtta Forbundsstyret fekk både for den førre og komande perioden. Dette gjev handlingsrom til å bidra konstruktivt i både denne og utviklinga av den neste langtidperioden for Forsvaret med korleis reservistar kan skape auka kampkraft og bærekraft.
Eg er særskilt opptatt av at Forbundet har full fokus på desse tre områda i dei næraste månadene:
• Medlemsaktiviteten som gjennomførast lokalt, slik som skyting, idrett og anna militærfagleg
• Aktiv medspelar i utviklinga av reservistanes si rolle i totalforsvaret både i inneverande og neste langtidsperiode.
• Internasjonalt samarbeid med prioritet til Norden.
Dei to seinaste åra har FS og sekretariatet bruka mykje tid på ulike interne saker. Basera på det tydelege mandatet frå Landsmøtet vil eg på mi vakt skjera tydeleg gjennom saker som er utanfor det som Landsmøtet har prioritert, slik at både den tilsette og valde leiinga i Forbundet kan ha full fokus på reservisten i dag og ikkje minst i framtidas forsvar. Det skjer viktige prosessar både politisk, i embetsverket og i Forsvaret som NROF skal og kan bidra i.
Som einskild medlem i Forbundet vil eg at du blant anna skal fokusere på:
• Korleis eg kan leve etter Forsvaret sitt verdigrunnlag som reservist?
• Kva kan eg gjere der eg bur for er være ein god ambassadør for Forsvaret?
• Aktivt bidra til at Forbundet stadig blir betre
• Forsøke å verve nye medlemmar, spesielt unge og kvinner
Aktivt og sakleg bidra i samfunnsdebatten som ansvarlig samfunnsborgar, men hugse når du kan representere NROF og ikkje. Kritisk kjeldevurdere nyhende og informasjon på sosiale medium slik at ikkje «fake news» og informasjon med dårlege hensikter vært spreidd. Hugs også på at de ein skriv på sosiale medium skal stå seg hjå barnebarna óg.
Eg ser fram til svært spennande månader for Forbundet og medlemmene.
Pro Patria
Jørn Buø
President i NROF