NROF avd. Sunnhordland vil med dette invitere til aktivitetsdag søndag 11. mai.
Aktivitetsdagen tar til med regionalt meisterskap i feltidrett og held fram med sosialt samvær og pistolskyting før me avsluttar med prøve for Infanterimerket.
Tid: Søndag 11. mai
Sted: Oppmøte på Stord pistolklubb bane; adresse Vestlivegen 44, 5414 Stord.
Påmelding: Send e-post til Sigmund Mongstad Hope på hope5412@gmail.com .
Det er ingen kostnad med deltakinga, men ein kan kjøpa ammunisjon til skyteaktiviteten om ein ikkje tar med sjølv. Kostnadsfri lån av våpen.
Agenda:
• 0945 Oppmøte
• 1000 Regionalt meisterskap i feltidrett (merkeprøve)
• 1200 Pistolskyting (skarpskyttarmerket og NAIS)
• 1400 Infanterimerket (merkeprøve)
Det er sjølvsagt mogleg å delta på berre delar av programmet. Pistolskytinga vil rullera mellom skarpskyttarmerket og NAIS. Det vil vera mogleg å skyta desse programma så snart me er ferdig med skytedelen av feltidrettsmerket og så lenge prøven til infanterimerket pågår.